Nok ein solfylt dag i Bergen! Er det fleire rundt i landet som har det så fint? Eller er det berre vi som er så ekstremt heldige? Dagen i dag har gått til morgontrening på treningsenteret og trimtur ute i fri natur med mamma. Ein sprek og aktiv dag med andre ord :D Burde strengt tatt begynne med forberedelser til eksamen, men har ikkje hjerte til å sitte inne når det er så fint vær ute..

No som sola er gått ned skal eg heller prøve å prioritere skulearbeid, men først skal eg spise opp marengskaka som eg lagde i stad. Eg er så svak for marengskake og når eg fant ei sunn oppskrift på den måtte eg sjølvsagt prøve den ut :D Den var heilt okei, men desverre vart ikkje bunnen så sprø som eg hadde trudd.. Kanskje eg ikkje stivpiska røra godt nok? Eg skal vertfall ikkje gi opp etter kun ei utprøving! Dersom du vil prøve deg på den kan du finne oppskrifta her